Om ICTM

Norsk folkemusikklag er den norske nasjonalkomiteen til International Council for Traditional Music (ICTM).
ICTM har som føremål å fremja studiar, dokumentasjon, bevaring og utbreiing av tradisjonell musikk og dans i alle land. ICTM har rådgivande funksjon overfor UNESCO, og er ein sentral organisasjon innan dette feltet. ICTM arrangerer verdsomspennande konferansar, og gir ut Yearbook for Traditional Music. I tillegg til dei nasjonale komiteane har ICTM studiegrupper i emne som folkemusikkinstrument, historiske kjelder, dans, musikk og minoritetar, musikkarkeologi og anna. Fleire av medlemmene i NFL er aktive i det internasjonale forskingsmiljøet gjennom studiegruppene og konferansane til ICTM. For meir informasjon, sjå nettsidene til ICTM: www.ictmusic.org.

Kva skjer?

Paneldebatt under Norsk folkemusikklags seminar i Oslo 2011. Fra venstre Jan-Petter Blom, Mats Johansson og Per Åsmund Omholt. Foto: Ola Graff