Nytt nummer av Musikk og tradisjon!

I denne utgåva kan du lesa om skillingstrykk i Nasjonalbiblioteket sine samlingar, fonogram- og fotosamlinga etter Rikard Berge ved Telemark museum, stilendringar i hardingfeletradisjonane ved overgangen frå bruk av kortboge til langboge, og ”gammaldansswing” i Nord-Trøndelag.
Innhald i Musikk og tradisjon nr. 33:

Artiklar:
Astrid Nora Ressem: Skillingstrykk
Cecilie Authen: Rikard Berge – Dokumentasjon av folkemusikk gjennom fonograf og fotografi
Siri Dyvik: Kortbuen – Hvordan låt det?
Marit Vestrum: Gammeldansswing i Nord-Trøndelag. Presentasjon av og refleksjon rundt et dokumentasjonsprosjekt

Faste postar er konferanserapportar og samandrag av folkemusikk- og folkedansrelaterte doktoravhandlingar og masteroppgåver.

Ta kontakt med Novus forlag for abonnement, meldareksemplar og kjøp av enkeltnummer: www.novus.no E-post: novus[krøllalfa]novus.no, telefon (+47) 22 71 74 50. Abonnement er inkludert i medlemskap i Norsk folkemusikklag. Skriftet vil òg leggjast ut med open tilgang i næraste framtid på ojs.novus.no/index.php/MOT

Etter at skriftet hamna i ein utfordrande økonomisk situasjon pga. redusert støtte frå tidlegare faste tilskotsgivarar, har laget spurt institusjonsmedlemmane etter eit bidrag til ein økonomisk støttedugnad for skriftet. Me vil med dette få takka alle som har bidratt med økonomisk støtte til skriftet i 2019:
- Norsk senter for folkemusikk og folkedans
- FolkOrg – Organisasjon for folkemusikk og folkedans
- Agder folkemusikkarkiv
- Folkemusikkarkivet for Telemark
- Nordnorsk Folkemusikksamling, Tromsø Museum, Universitetet i Tromsø
- Valdresmusea
- Ole Bull Akademiet
- Folkemusikkarkivet Sør- og Midt-Gudbrandsdalen, Gudbrandsdalsmusea
- Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
- Førdefestivalen
- Folkemusikkarkivet for Rogaland, Ryfylkemuseet
- Folkemusikklinja ved Vinstra vidaregåande skule
- Universitetet i Søraust-Noreg ved Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk

Kva skjer?

Paneldebatt under Norsk folkemusikklags seminar i Oslo 2011. Fra venstre Jan-Petter Blom, Mats Johansson og Per Åsmund Omholt. Foto: Ola Graff