Manuslokking / Call for papers: Musikk og tradisjon 2020

Manus-lokk
Kom no, manusa. Ko-om no.
Koma no, gode manusa.
Kom Danseartiklane, Instrumentartiklane, Vokalartiklane, Rytmeartiklane, Tonalitetsartiklane, kom alle spanande manusa.
Kom no, ko-om no, vene artiklane.

Sit du med eit spanande prosjekt som du klør etter å få presentert for eit større publikum?
Då vil me invitera deg til å senda inn manus til vurdering for publisering i Musikk og tradisjon 2020 (nr. 34) med frist 1. april 2020.

Musikk og tradisjon er eit vitskapleg tidsskrift for forsking i folkemusikk og –dans. Skriftet presenterer breidda i norsk og skandinavisk folkemusikkforsking, og tar i mot artiklar med ulike perspektiv på tradisjonell musikk og dans som eit breitt definert felt. 2020-utgåva har ikkje noko definert tema og er slik ope for alle aktuelle emne innan feltet. Alle artiklane vert vurderte av to anonyme fagfeller. Sjå forfattarrettleiing under for meir informasjon. Manusa skal sendast til redaktør Sveinung Søyland Moen på e-post: sveinung.s.moen[krøllalfa]gmail.com

Kjenner du deg kalla? Send oss gjerne eit manus til vurdering!



FORFATTARRETTLEIING, MUSIKK OG TRADISJON
Krav til manuskriptet
Teksten kan vera på nynorsk, bokmål, svensk, dansk eller engelsk. I tillegg til sjølve teksten skal manuskriptet til ein artikkel innehalda følgjande: tittel, engelsk samandrag (ca. 10–15 linjer), referanseliste/kjeldeliste, eventuelle sluttnotar og forfattaropplysningar (namn, e-postadresse og kort biografi). Manuskriptet bør ikkje vera på meir enn 6000 ord når alt er medrekna. Eventuelle unntak må avtalast med redaksjonen.

Manuskripta skal sendast som vedlegg i e-post. Det er viktig at me òg får teksten i pdf-format eller som utskrift send i posten. Slik sikrar me at me får med alt forfattaren ønskjer av teiknsetjing, kursivering og liknande.

Standard for teksten
Skriv i Word-format, helst med fonten Times New Roman, 12 punkt, med dobbel linjeavstand.
Bruk berre rett venstremarg, ikkje orddelingsfunksjon eller faste sideskift.
Bruk berre to tittelnivå: hovudtittel og undertittel.
Avsnitt skal markerast med dobbelt linjeskift.
Bruk færrast mogleg formateringar.
Utheving av ord skal gjerast med bruk av kursiv, ikkje understreking.
Sitat skal merkast med hermeteikn og ikkje stå i kursiv. Lengre sitat skal skiljast frå teksten med eit innrykk frå venstre marg pluss blank linje over og under.

Fotnotar og referansar
Det er ønskjeleg med så få og korte fotnotar som mogleg. Desse skal plasserast som fotnotar. Referansar/litteraturtilvisingar skal stå i sjølve teksten, med forfattarnamn, publiseringsår og eventuelle sidetilvisingar i parentes, som i desse døma:
«Som også tidligere forskning har vist (Blom 1969) …»
«… som viser en tydelig forbindelseslinje (Omholt 2009: 294–297).»
«… i tillegg til andre spredningsmønstre (ibid.).»
«Dette stemmer også med undersøkelsene til Ramsten (1992).»

Liste over litteraturreferansar skal samlast til slutt og skal ordnast alfabetisk i følgjande format:
Bok/monografi:
Graff, Ola 2005. Av det raudaste gull: Tradisjonsmusikk i nord. Stamsund: Orkana forlag.

Artikkel i tidsskrift:
Gjertsen, Ingrid 2001. «Et enkeltbidrag til belysning av slektskapet mellom etnisk minoritet og majoritet i tradisjonell sang». Norsk Folkemusikklags skrift 14 (2000): 12–22.
Rice, T. 1987. «Toward the remodeling of Ethnomusicology». Ethnomusicology 31/3: 469–488.

Artikkel/kapittel i bok:
Sevåg, Reidar 1993. «Toneartspørsmålet i norsk folkemusikk», i B. Aksdal, og S. Nyhus (red.), Fanitullen. Innføring i norsk og samisk folkemusikk: 342–376. Oslo: Universitetsforlaget.

Internett:
Kvernberg, Jorun Marie, og Frode Rolandsgard 2006. Folkemusikken og Tono. [Online] Ballade. MICs nettavis. URL: www.mic.no/nmi.nsf/doc/art2006030708343782379034 [Hentet 1.9.2009].

Fonogram:
Garnås, Agnes Buen 1992. Draumkvedet. Kirkelig kulturverksted, FXCD 83.

Illustrasjonar
Det er alltid ønskjeleg med gode illustrasjonar, og me vil oppmoda forfattarar til å finna biletstoff som kan supplera teksten. Me kan ta imot bilete skanna, helst i svart/kvitt som tif/jpg med ikkje mindre enn 240 dpi i rett storleik, eller slik at dei er klare til å verta skanna. Marker tydeleg kor illustrasjonane skal plasserast i teksten. NB! Alle illustrasjonar må sendast som eigne filer. Det same gjeld noteeksempel. Det er òg viktig at alle filnamn er tydelege slik at illustrasjonane lett kan identifiserast. Artikkelforfattarane har sjølv ansvar for å innhenta løyve frå eventuelle rettsinnehavarar til illustrasjonane.

Og heilt til slutt …
Forfattarar får tilsendt tre eksemplar av skriftet. I tillegg kan dei tinga fleire eksemplar til redusert pris.

Kva skjer?

Paneldebatt under Norsk folkemusikklags seminar i Oslo 2011. Fra venstre Jan-Petter Blom, Mats Johansson og Per Åsmund Omholt. Foto: Ola Graff