Aktuell, tradisjonell og unik – NFLs seminar 2020

Det årlege seminaret og årsmøtet i Norsk folkemusikklag blir onsdag 18. til fredag 20. mars 2020 på Rauland. Tittelen er «Aktuell, tradisjonell og unik». Samling i Ungt Forskarforum for Folkemusikk og Dans vert halde i samband med seminaret.
Temaet for seminaret i 2020 er utøvarrolla og formidling av folkemusikk og folkedans i dag: Kva kan måten folkemusikk og -dans vert presentert på fortelje om oss sjølv? Kva ideologiar og identitetar vil me formidle? Eller vert formidla? Korleis gjer ein dette?
Innleiarar: Karin Eriksson, Sigurd Johan Heide, Anne Hytta, Stian Roland, Mats Johansson, med fleire.

Ungt Forskarforum for Folkemusikk og Dans er lagt til onsdag 18. mars. Det blir konsert med Anne Hytta onsdag kveld og studentkonsert torsdag same veka. Meir informasjon kjem seinare, men sett av datoane allereie no!

Kva skjer?

Paneldebatt under Norsk folkemusikklags seminar i Oslo 2011. Fra venstre Jan-Petter Blom, Mats Johansson og Per Åsmund Omholt. Foto: Ola Graff