Nytt nummer av Musikk og tradisjon!

Musikk og tradisjon nr. 32 er klar!
I denne utgåva kan du lesa om nye metodar for å analysera intonasjon i norsk folkemusikk, ei tolking av ujamne taktartar i norske trommeslåttar og kamp om retten til musikkutøving på 1700-talet. I tillegg inneheld denne utgåva tre artiklar knytt til 70-årsjubileet til Norsk folkemusikklag. Faste postar er bokmeldingar, konferanserapportar og samandrag av folkemusikk- og folkedansrelaterte doktoravhandlingar og masteroppgåver.

Utgjevinga av jubileumsskriftet er støtta av Rådet for folkemusikk og folkedans.

Ta kontakt med Novus forlag for abonnement, meldareksemplar og kjøp av enkeltnummer: www.novus.no E-post: novus [krøllalfa] novus.no, telefon (+47) 22 71 74 50. Abonnement er òg inkludert i medlemskap i Norsk folkemusikklag.

Her er heile innhaldet i Musikk og tradisjon 32 (2018):

Fagfellevurderte artiklar:
Åshild Watne og Kristian Nymoen: Der æ so vent å vestoheio – Intonasjon i et gammelstev fra Setesdal
Bjørn Sverre Kristensen: Trommeslåtter med ujevne taktarter – et tolkningsforsøk
Anne Svånaug Blengsdalen: Den enes død, den andres brød – Kampen om (ene)rett til musikkoppvartning på 1700-tallet

Norsk folkemusikklag 70 år:
Bjørn Aksdal: Norsk folkemusikklag 70 år 1948–2018
Anne Svånaug Blengsdalen: Seminarene – vitenskaplige metoder, teorier og hypoteser som grunnlag for debatt
Sveinung Søyland Moen: Musikk og tradisjon – «ikkje berre stensilerte lefser»

Bokmeldingar:
Gerda Lechleitner, Susana Sardo, Susanne Ziegler og Ingrid Åkesson (red.): Historical Sources of Ethnomusicology in a Contemporary Debate. Meld av David G. Hebert

Konferanserapportar
Samandrag av folkemusikkrelaterte masteroppgåver

Kva skjer?

Paneldebatt under Norsk folkemusikklags seminar i Oslo 2011. Fra venstre Jan-Petter Blom, Mats Johansson og Per Åsmund Omholt. Foto: Ola Graff