Egil Bakka vert ny æresmedlem i NFL!

Egil Bakka vil verta utnemnd til ny æresmedlem i Norsk folkemusikklag under jubileumsseminaret i Bø, 1.–2. november 2018.
I løpet av 70 år har NFL berre utnemnd fire æresmedlemmar i laget, der tre er nolevande. Reidar Sevåg vart i 1995 første æresmedlem i laget. I samband med 50-årsjubileet i 1998 vart så Jan-Petter Blom og Sven Nyhus utnemnd til æresmedlemmar, før Ingrid Gjertsen i 2016 vart den fjerde æresmedlemmen i laget.

Styret i NFL kan no med stor glede fortelja at Egil Bakka vil verta utnemnd til laget sin femte æresmedlem under seminaret i Bø.

Me nyttar samstundes høvet til å minna om påmeldingsfristen som går ut 20. oktober. Velkommen til Bø og eit flott jubileumsseminar!

Kva skjer?

Paneldebatt under Norsk folkemusikklags seminar i Oslo 2011. Fra venstre Jan-Petter Blom, Mats Johansson og Per Åsmund Omholt. Foto: Ola Graff