Program jubileumsseminar - NFL 70 år

Norsk folkemusikklag er 70 år i 2018 og me inviterer alle til feiring med jubileumsseminar i Bø, 1.–2. november. Tema for seminaret er status for folkemusikk- og folkedansforskinga i 2018. Detaljert program med informasjon om påmelding finn de nedst på denne sida.
Under seminaret vil det verta sett fokus på det som har vore ein av hovudpilarane for laget gjennom desse 70 åra, nemleg forskinga på folkemusikk og folkedans. Me spør: Kva har forsking og innsamling hatt å seia for den levande folkemusikken og -dansen ute i miljøa i dag? Kan det peikast på konkrete effektar? Vidare: Kva er status for forskinga på feltet i 2018? Er det rom for forsking på folkemusikk og -dans innan dei institusjonane som har eller burde hatt slik aktivitet? Når sektoren vår opp i kampen om midla? Vert det utdanna tilstrekkeleg med forskarar, og kva slags kompetanse krevst? Kva bør det eigentleg forskast på?

Seminaret vil samla aktive forskarar, utøvarar og formidlarar frå Noreg og Norden for å diskutera desse problemstillingane. Med oss har me professor Mats Johansson frå Universitetet i Sørøst-Norge, professor emeritus Egil Bakka ved NTNU, seniorforskar Ola Berge frå Telemarksforskning, og førstelektor og programleiar i NRK, Leiv Solberg i tillegg til gjestar frå nabolanda våre; arkivleiar og dosent Dan Lundberg frå Svenskt visarkiv, og arkivar og forskar Lene Halskov Hansen frå Dansk Folkemindesamling. I tillegg til dette vil Gunnar Stubseid lansera den nye boka si "Legendariske hardingfeler".

Torsdag kveld vert det fest med god mat og drikke, og jubileumsmarkering. Her vil det verta helsingar, jubileumstale, musikalske innslag og utnemning av ny æresmedlem i NFL. Den nye æresmedlemmen har gjort ein formidabel innsats innanføre sitt felt. Me seier ikkje meir!

Program:

Torsdag 1. november:
12.00 Lunsj
13.00 Velkommen – musikalsk innslag ved Per Anders Buen Garnås
13.05 Mats Johansson: "Folkemusikkforskningen i dag: Samfunnsmessige,
økonomiske og institusjonelle vilkår. Kompetansekrav og skolering."
14.00 Dan Lundberg: ”Arkivloopar. Folkmusikarkivens påverkan på den aktiva
musikmiljön.»
15.00 Kaffe
15.15 Lene Halskov Hansen ”Folkemusik og –danseforskning i Danmark, 1960-2018.
Højdepunkter og lavpunkter”.
16.15 Leiv Solberg: ”Springar i eteren; vinn eller forsvinn? Om folkemusikk på
riksdekkende radio”.
18.30 Boklansering v/ Gunnar Stubseid: “Legendariske hardingfeler. Femti feler
1750-1950”.
19.00 Jubileumsfest m.m. – konsert med studentar fra USN, Rauland

Fredag 2. november:
09.30 Egil Bakka: ”Dans og forskning”
10.30 Ola Berge: ”Folkemusikkforsking – mellom ønske om autonomi og krav om
relevans”
11.30 Paneldebatt: Framtidas folkemusikk- og danseforsking
Paneldeltakarar: Ola Berge, Bjørn Aksdal, Lene Halskov Hansen, Dan
Lundberg, Egil Bakka
12.30 Avslutning, oppsummering, lunsj

Påmelding til Per Åsmund Omholt - per.omholt[krøllalfa]usn.no - innan 20. oktober. Innbetaling av seminaravgift til laget sin konto 0532 12 20896 innan same dato, 20. oktober. Merk med namn og ”seminar 2018”.

Overnatting: Rom kan bestillast på Bø hotell, tlf. 35060800, www.bohotell.no. Enkeltrom kostar 945,- dobbeltrom 1190,- ved bestilling innan 3. Oktober.

Prisar seminar:
Seminar inkl. kaffi og jubileumsmiddag for medlemmar: kr. 650,-
Seminar inkl. kaffi og jubileumsmiddag for ikkje-medlemmar: kr. 800,-
Seminaret er gratis for studentar
Berre seminar (inkl. kaffi) for medlemmar: kr. 350,-
Berre seminar (inkl. kaffi) for ikkje-medlemmar: kr. 400,-
Studentpris jubileumsmiddag: kr. 300,-
Deltakarane kjøper sjølv lunsj i kantina til USN

Kva skjer?

Paneldebatt under Norsk folkemusikklags seminar i Oslo 2011. Fra venstre Jan-Petter Blom, Mats Johansson og Per Åsmund Omholt. Foto: Ola Graff