Hardingfeledekoren

Ein presentasjon om den rike og varierte dekortradisjonen innan hardingfelemakeriet
Under det årlege seminaret til Norsk folkemusikklag i 2013 vart den rike dekortradisjonen innan hardingfelemakeriet sett under lupa. Seminaret vart halde på Rauland i samarbeid med Institutt for Folkekultur, Høgskolen i Telemark. Denne publikasjonen er basert på innlegga frå seminaret og inneheld følgjande artiklar:

Bjørn Aksdal: Hardingfeledekoren
Agnete Sivertsen: Dekor på eldre vestlandsfeler
Ottar Kåsa og Asbjørn Storesund: Dekoren på Helland-feler. Utvikling, estetikk og teknikk.
Oddrun Hegge: Om handverket, arbeidsmetodar og utfordringar. Kva krevst av teknikk og ferdigheiter, kva er godt arbeid?
Mikkel B. Tin: Dekoren på hardingfelene - kulturelt mangfold i det norskeste
Bjørn Aksdal: Om dekor på europeiske strykeinstrument ca. 1500–1800.

Skriftet kjem i tillegg til det årlege Musikk og tradisjon, og kan bestillast frå Novus forlag (novus.no).

Kva skjer?

Paneldebatt under Norsk folkemusikklags seminar i Oslo 2011. Fra venstre Jan-Petter Blom, Mats Johansson og Per Åsmund Omholt. Foto: Ola Graff