Norsk folkemusikklags seminar på Fagernes 22.-23. april 2015

Norske klimpreinstrument i fortid og framtid
Norsk Folkemusikklag inviterer til seminar om norske klimpreinstrument på Fagernes 22.-23. april. Seminaret vert arrangert i samarbeid med Valdres Folkemuseum, der tradisjonsmusikken er ein viktig del av porteføljen til museet. Dei viser for tida ei spanande utstilling av langeleikar, og seminaret tar utgangspunkt i denne utstillinga. Me spør: Kva kan mangfaldet i dette materialet fortelja? Treng langeleiken fornying? Men me ønskjer òg eit vidare perspektiv ved å setja fokus på andre klimpreinstrument i norsk tradisjon. Nokre instrument, slik som harpe og lyre, kling i dag på norske folkemusikkscener, sjølv om ingen veit sikkert korleis desse vart brukte den gongen tradisjonen var levande. Er dette då å rekna som kuriosa, «invented tradition» eller folkemusikk? Cisteren, forløparen for gitaren, har i det siste òg fått nytt liv. Kva framtid har den? Korleis kan ein skildra prosessen frå museumsobjekt til bruksinstrument?

For å få svar på desse spørsmåla har me fått hjelp av både musikarar, instrumentmakarar, forskarar og museumsfolk – på seminaret får me innspel mellom anna frå Elisabeth Kværne, Anders Røine, Stein Villa, Gjermund Kolltveit, Sverre Heimdal, Mats Kroutén, Benjamin Rygh og Helena Wright.

Påmelding kan sendast på e-post til per.omholt [krøllalfa] hit.no innan 10. april. Seminaravgifta er 400,- for medlemmer av Norsk folkemusikklag og 500,- for andre. Gratis for studentar.

Detaljert program kjem.

Kva skjer?

Paneldebatt under Norsk folkemusikklags seminar i Oslo 2011. Fra venstre Jan-Petter Blom, Mats Johansson og Per Åsmund Omholt. Foto: Ola Graff