Nytt nummer av Musikk og tradisjon!

2014-utgåva av Musikk og tradisjon er klar! (15.12.14)
I år kan du lesa om korleis bruk av teknologi i form av notenedteikningar og opptak har påverka folkemusikken, bruk av «Motion Capture»-teknologi i danseforsking, sosiale strukturar i Nordanstigs spelmanslag og hardingfeler frå Sandland-slekta i Kviteseid. Faste postar er bokmeldingar, konferanserapportar og samandrag av folkemusikkrelaterte masteroppgåver.

Ta kontakt med Novus forlag for abonnement, meldareksemplar og kjøp av enkeltnummer: www.novus.no E-post: novus [krøllalfa] novus.no, telefon (+47) 22 71 74 50. Abonnement er òg inkludert i medlemskap i Norsk folkemusikklag.

Her er heile innhaldet i Musikk og tradisjon nr. 28 (2014):

Artiklar:
Tellef Kvifte: Teknologien og tradisjonen – Noter og opptak, nok en gang.
Mari Romarheim Haugen: Studying Rhythmical Structures in Norwegian Folk Music and Dance Using Motion Capture Technology – A Case Study of Norwegian Telespringar.
Thomas von Wachenfeldt – Vi speler inga covers vi e’! Spelmanslaget som läroplats och dess ideologier.
Bjørn Sverre Kristensen – Hardingfelene frå Sandland.

Bokmeldingar:
Boel Lindberg (red.): Gamla visor, ballador och rap. Från muntlig förmedling til publicering på nätet. Meldt av Gunnar Ternhag.
Astrid Nora Ressem (red.): Norske middelalderballader – Melodier. Bind 2. Ridderballader, kjempe- og trollballader. Meldt av Jarnfrid Kjøk.

Konferanserapportar

Samandrag av folkemusikkrelaterte masteroppgåver

Kva skjer?

Paneldebatt under Norsk folkemusikklags seminar i Oslo 2011. Fra venstre Jan-Petter Blom, Mats Johansson og Per Åsmund Omholt. Foto: Ola Graff