2010, Bergen

Seminaret vart arrangert 23. februar i samband med Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap ved Universitetet i Bergen.
NFL-seminaret 23. februar 2010:

Frå folkehøgskule til festival og ”facebook”.

Bruk og formidling av folkemusikk og dans i postmoderne tid.

Dragefjellet, Universitetet i Bergen, kl 10.00.



På Jubileumsseminaret til NFL i 2008 blei søkjeljoset retta mot folkemusikk- og folkedansutøving i vår eiga tid. Me hadde ei nordisk ramme i fjor, og i år vil det lokale i det globale – glokalisering – vera hovudramma for seminaret. Tema for seminaret vil såleis verta knytt opp mot forsking i kulturvitskap og etnomusikologi ved Universitetet i Bergen. Lennart Fjell, Phd student ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap ved Universitetet i Bergen og Olav Tveitane MA i etnomusikologi frå Griegakademiet ved Universitetet i Bergen er hovudinnleiarane. Etter desse to føredraga vil det verta arrangert ein paneldebatt med personar som arbeidar for og har lukkast med folkemusikkformidling på 2000-talet.



Innleiarar:

Olav Tveitane: Ungdom, folkemusikk og kulturelle møter

Føredraget tar utgangspunkt i mastergradsoppgåva om musikkleiren Ethno i Falun, der unge folkemusikarar fra heile verda møtes og der ideer knytte til globalisering og kulturelt mangfold står i fokus. Han vil også trekkja fram erfaringer fra egen praksis med formidling av folkemusikk til ungdom, fyrst og fremst gjennom arbeidet i folkehøgskolen der ”nasjonale” verdier har fått konkurranse av internasjonale impulsar.



Olav Tveitane tok mastergrad i etnomusikologi fra Universitetet i Bergen i 2008 på den internasjonale folkemusikkleiren Ethno, som finn stad i Dalarna i Sverige. Han har vore aktiv som utøvar innanfor norsk og internasjonal folkemusikk i omkring 30 år. Blant anna var han med på å starta opp fylkesmusikarordninga i Sogn og Fjordane i 1989-90. Han har også site i programrådet for Førde Internasjonale Folkemusikkfestival og vore styremedlem i Folkemusikk-klubben ”Columbi Egg” i Bergen. Frå 1996 har han arbeidt som musikklærar ved Fana Folkehøgskule der han har hatt ansvaret for musikklinja som spesialiserer seg på folkemusikk i møte med andre rytmiske musikkformer.



Lennart Fjell: Festivalisering av Noreg

Festivalane er noko av det sterkaste og enklaste verktøy ein kan nytta dersom ein ynskjer å skapa nye forteljingar om ein stad, kultur eller identitet. Saman med andre uttrykksformer som t. d. mote og musikk kan ein sjå linjene av eit fenomen bli teikna, og særskildt hos dei unge generasjonane vert dette tydeleg. Prosessen der det globale samfunnet påverkar kvardag og livsform til alle menneske, er eit av kjennemerka for dagens samfunn. Men det er ikkje berre tale om påverknad ein veg. Lokal kultur/økonomi/osv. vert også tekne opp og omforma i denne prosessen. I periferien av både populærmusikk, kultur, geografisk sett og elles,ser vi ei omforming av dei unge si eiga forteljing kring seg sjølve. Symbolikk som både er sett saman av lokal tradisjon og globale føringar, er meir ettertrakta som identitetsmarkør enn den symbolikk periferien til vanleg har vore knytt opp til. I høve til festivalane som uttrykksform er det difor viktig å sjå etter kva effekt enkeltindividet kan ha i høve til massane.



Lennart Fjell er dr. art. student i kulturvitskap ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap ved Universitetet i Bergen. Han er også den fyrste, nyss tilsette kultursjefen i Fjell kommune der han vil jobba for at særleg born og unge skal få eit større mangfald av kulturtilbod. Han skriv dr. art. graden sin om blant anna ”Periferifestivalen” og ”Vestkystfestivalen”. I tillegg har han hatt ei rekkje tillitsverv i fleire friviljuge organisasjonar. Vi kan nemna ”Fjell kystsogelag”, ”Kystsogevekene” og han har sete i styret for ”Torgdagane” i Bergen. Men no vert det framtidige målet for han å gjera fjellsokningane medvitne og stolte av kommunen sin.



Paneldebatt:
I paneldebatten vil representantar for internasjonale folkemusikkfestivalar og promotering av folkemusikk på ulikt vis debattera saman med innleiarane. På denne måten vonar vi å få til ein god debatt med allsidige perspektiv og refleksjon omkring bruk og formidling av folkemusikk og folkedans i moderne og postmoderne tid. I panelet er vi glade for å presentere Kjell Bitustøyl med røynsle frå Telemarkfestivalen og tidlegare redaktør i Spelemannsbladet, Elisabeth Vatn frå Folkelarm og Per Åsmund Omholt frå Folkemusikkscena på Rauland.



Kjell Bitustøyl: Tidlegare redaktør for Spelemannsbladet, med lang fartstid i festival-Norge. Primus motor for Telmarksfestivalen i mange år, no engasjert i Haukeliseterfestivalen.

Elisabeth Vatn: Dagleg leiar for Folkelarm, den nye store bransjen for folkemusikk. Brei bakgrunn som musikar og organisator på tvers av genregrensene.

Per Åsmund Omholt: Førsteamanuensis ved Høgskolen i Telemark og styremedlem i Norsk Folkemusikklag. Har vore dagleg leier for Folkemusikkscene på Rauland frå ho vart oppretta i 2004.



Program: 23. februar 2010.

10.00 Opning ved Forskingsleiar Ingvild Øye og Formann i NFL Siri Mæland
10.30-11.30 Universitetsstipendiat Lennart Fjell: Festivalisering av Noreg
11.30-11.45 Pause
11.45-12.45 Musikklærar ved Fana Folkehøgskule Olav Tveitane: Ungdom, folkemusikk og kulturelle møter
12.45-14.00 Lunsj
14.00-14.45 Innleiing frå deltakarane i panelet:

Festivalleiar Kjell Bitustøyl
Dagleg leiar for Folkelarm Elisabeth Vatn
Førsteamanuensis Per Åsmund Omholt

15.00-16.00 Debatt for alle seminardeltakarane
16.00-16.30 Pause
16.30-18.00 Årsmøte

Praktisk informasjon:

Arrangør: Norsk folkemusikklag og Institutt for arkeologi, historie kultur- og religionsvitenskap ved Universitetet i Bergen

Seminaransvarleg – Wigdis Espeland



Sted: Auditorium 4, rom 034, Dragefjellet, Magnus Lagabøtesplass 1, 5010 Bergen.



Pris: 400,- Medl NFL. 500,- Ikkje mdl NFL.100,- Studentar.




Overnatting: Rimelege overnattingsplassar sentralt i Bergen



PÅMELDINGSFRIST: 11. februar 2010



Med atterhald om endringar!















Kva skjer?

Paneldebatt under Norsk folkemusikklags seminar i Oslo 2011. Fra venstre Jan-Petter Blom, Mats Johansson og Per Åsmund Omholt. Foto: Ola Graff