2008, Hundorp

Jubileumsseminar og jubileumskonsert vart arrangert på Hundorp, Dale-Gudbrands gard 9.- 10. februar 2008
Innleiarar og andre medverkande på seminaret var Owe Ronström med innleiinga Från görare till vetare och makare - och tillbaks. Globalisering och folkmusik på 2000-talet, Anne Margrete Fiskvik med innleggetGenreblandingar i norsk teaterdans, Ola Graff med innlegget Påvirkning og inspirasjon – om forholdet mellom norsk og samisk musikktradisjon og paneldebatt med Jan Lothe Eriksen, Hans-Hinrich Thedens og Vegar Vårdal.

På jubileumskonserten til ære for O.M.Sandvik deltok Sven Nyhus, Øystein Rudi, Eli Storbekken og Vegar Vårdal


Pressemelding 11. februar 2008:



Jubileumsseminar og årsmøte i Norsk folkemusikklag

”Når musikk- og dansekulturar møtast”



Tekst: Siri Mæland og Silje Sølvberg



Eit svært vellukka jubileumsseminar vart halde på Hundorp, Dale-Gudbrands Gard, 9. februar 2008. Ein hadde henta Owe Ronström frå Gotland til å halda innleiingsforedraget på seminaret, og til å kommentera og leia paneldebatten til slutt. I innlegget hans Från görare till vetare och makare - och tillbaks. Globalisering och folkmusik på 2000-talet viste han stor innsikt i musikk- og dansekulturlandskapet både i Skandinavia og resten av Europa. Han problematiserte trendar i dagens folkemusikk- og folkedansmiljø og såg dette i samband med globaliseringsprosessar som skjer over alt i samfunnet.

Ola Graff viste stor innsikt i samisk og norsk tradisjon og deira møtepunkt i innlegget Påvirkning og inspirasjon – om forholdet mellom norsk og samisk musikktradisjon. Anne Margrete Fiskvik sette fokus på folkedans på scena for å gje dagens situasjon eit historisk perspektiv i innlegget Genreblandingar i norsk teaterdans. Til slutt vart det ein paneldebatt om dagens situasjon for folkemusikken og dansen i ei profesjonalisert verd der dagleg leiar for Riksscenen - scene for nasjonal og internasjonal folkemusikk, joik og folkedans, Jan Lothe Eriksen, musikaren Vegar Vårdal og forskaren Hans-Hinrich Thedens heldt innleiing til paneldebatt. Det var ein god debatt gjennom heile seminaret og mange interessante spørsmål vart reist.

Dagen vart avslutta med Jubileumskonsert til ære for O.M. Sandvik. Sandvik stifta Norsk Folkemusikklag for 60 år sidan og var ein av Noregs fremste innsamlarar av folkemusikk. Sven Nyhus leia konserten i ord og tonar. Forteljingane om dei personlege møta mellom Sandvik og Nyhus fengde publikum. Øystein Rudi, Eli Storbekken og Vegar Vårdal var med på gje Sandvik sine nedteikningar liv. Konserten viste korleis fire musikarar med ulike ståstader og ulike musikalske uttrykk saman kan løfta musikken opp, setja publikum i ulike sinnsstemningar og få han til å leva. Levde gjorde han også etterpå då publikum vart inviterte til fest og dans. Spelemennene på scena auka i takt med dansarane på golvet.



Årsmøte

Årsmøtet vart avvikla 10. februar. Siri Mæland, som er fagkonsulent i folkedans ved Rff-sentret i Trondheim, tok attval som leiar. Det gjorde òg styremedlemmene Wigdis Espeland (Bergen) og Astrid Nora Ressem (Oslo). Ressem er redaktør for Norsk Folkemusikklag sitt årlege skrift. Ola Graff (Tromsø) og Geir Egil Larsen (Verdal) var ikkje på val.



For meir informasjon:

www.hf.ntnu.no/rff/organisasjonar/nfl.html

Siri Mæland, telefon 73 59 65 72

Silje Sølvberg, telefon 73 59 65 74

Kva skjer?

Paneldebatt under Norsk folkemusikklags seminar i Oslo 2011. Fra venstre Jan-Petter Blom, Mats Johansson og Per Åsmund Omholt. Foto: Ola Graff